onsdag 25. august 2010

Endeleg litt nye kort!!! I det siste har det vore lite tid og krefter til kortlaging... Eg blir skikkelig sur og fortvila når kroppen min ikkje speler på lag, men har vel lært etterkvart at det går over. Og det gode er jo at når eg set meg til med litt kortlaging, så får eg masse energi!

Desse korta har eg kost meg med å laga. Eg ser at eg trives best med konkrete prosjekt, med det meiner eg at eg veit kven eg lagar kortet for. Då er alt liksom mykje enklare syns eg.

Bryllupskortet er til eit bryllup neste helg, der brura har ein litt mørkare hudfarge. Det var spennande å prøva å få det til, vart godt nøgd med resultatet. Mønsterarket er frå Nille, stempelet er Skogstokiga brudepar og banner, har fargelagt med Promarkers.



Det siste kortet er til ei venninne som fyller 40 år på fredag. Eg syns Golden Oldies sine stempel er så fine, flirer med meg sjøl. Og dette spesielt er ein fryd å fargelegga og bruka. Mønsterark frå Nille her og, sommarfugl frå eit samleark som eg kjøpte hos Kreaktiv, og har som vanleg brukt Promarkers for å fargelegga. Brukte litt av den eine lilla Promarkeren på sommarfuglen og, den var i utgangspunktet kvit. Har og brukt ein del glitterlim på dette, Stickles. Håper bare ho liker kortet!!!




lørdag 21. august 2010

Mitt første eksplosjonskort!!!

Endelig ferdig, er vel følelsen akkurat nå!!! Det var veldig kjekt å laga, men det tok laaang tid å pynta! Sikkert delvis fordi eg ikkje hadde ein spesiell person i tankane når eg laga, vanskeleg å pynta då syns eg. Nå har eg valgt å setta igjen enkelte flater som kan ha plass til personlege kommentarar eller evt. bilder. Har stor kosa meg!!!

Har hatt ein fredelig føremiddag på kontoret, utruleg bare kor fort tida går når eg jobber der... :D Når propellen og far i huset kjem heim frå Ikea er det vel på tide å reisa i kyrkja for å vaske, det er vår måned *sukk*. Heldigvis er det ikkje så ofte, og vi er mange til å dela på. I morgon er det Kick off-gudsteneste med grilling etterpå, så nå håper me på opphalsdvèr!

Her er litt bilder av kortet, detaljer etter bildene:














Stempla er frå Skogstokiga (engelen og jenta med blom) og Golden Oldies, det med de små englene har eg fått då det veit eg ikkje kor kjem frå. Mønsterark er for det meste frå Nille, ellers diverse pynt og tekststempel. Motiva er fargelagt med Promarkes, engelen har fått litt glitterpynt.









torsdag 19. august 2010

Dagane går!

Tida går, eg kjenner eg saknar tid til å laga kort! Gutane har for tida fest på kveldane, og når dei ikkje søv før over 9 så vert der lite tid. Men i morgon har eg fri, og ingen planar for føremiddagen. Kanskje eg får gjort litt då??? Eg held på med mitt første eksplosjonskort, spennande å sjå korleis det blir. Skal legga ut bilder når det er klart, galkoser meg med å laga det!!! :)

søndag 8. august 2010

Det har blitt lite kortlaging dei siste dagane. Som småbarnsmor er det jo begrensa kor masse tid ein har på hobbyar, og dessuten er eg blitt oppslukt av ein ny forfattar. Karen Kingsbury har lege og venta på meg til nå, eg les og grin og les og grin...

Men litt kort blir der jo! :) Nå kom dei litt hulter til bulter, men eg gidde ikkje endra på det. Det grønne var til eit vennepar som feira 2x40 årsdag i går, det lilla er laga bare for kos.























onsdag 4. august 2010











Endelig... Etter å ha gått og irritert meg i over eit halvt år på "lagerrommet" vårt, dvs gangen, har eg nå endeleg fått gjort noko med det!!! Vekk med alt rot, og inn med billige men greie møbler, litt pynt og lys. Og vips så er gangen eit trivelig rom å gå gjennom og ta i mot gjester, ikkje bare eit rom å gremmes over... Har blitt lite kort dei siste dagane, men det føles godt å få gjort litt andre plasser og! I dag starta barnehagen, så eldstemann og eg har hatt ein fredeleg dag heime mens minsten koste seg i barnehagen. Det var stor stas å treffa igjen kameratar!