søndag 23. oktober 2011

Luft i håve!

I går kom eg heim etter to dagars budsjett seminar med det nye kommunestyret. Vi var i Kvinesdal, og der var yr og skodd heile tida. Eller rettare sagt, det var det beste veret... Me sat stille og diskuterte økonomi det meste av tida.

Så då vi kom heim kjende eg at det ville vera godt å koma seg ut. Eg kunne ikkje ta sjansen på å setja meg ned, så eg var bare såvidt heimom og kledde meg om før eg reiste til sjøen. I går var det ein sånn dag då eg følte eg kunne gå og gå og gå, og aldri ville bli sliten. Ein fantastisk følelse!! Det er nydelig å kjenna når kroppen fungerer, at eg ikkje blir sliten av å vera i gang, og at eg faktisk KAN tåle å gå ein god tur! Eg hadde ikkje lyst å gå heim, men samtidig så var eg redd for plutselig å bli sliten. Eg merker at eg ikkje våger å stola på overskuddet mitt når det er der, men eg prøver å øva meg i å tenka at eg skal stola på at eg klarer noko akkurat nå! Det er greit å ha eit sikkerhetsnett, men eg skal ikkje bruka det viss eg ikkje må.

Så merker eg meg at der er forskjell på dagane. Enkelte gonger er eg heilt utslitt etter ein rusletur på 20 minutt, andre gonger (som i går) føles det som om eg kan vera ute i timesvis. Men det er heilt greit. Eg skal ikkje gje meg om der kjem tunge dagar, eg skal vera raus med meg sjøl og ta ein dag om gongen. Akkurat som eg lærte i Skånevik.

Og i går var der nydeleg ved sjøen. Sola kom fram frå skyene i det det nærma seg solnedgang. Både stranda og sjøen vart liksom farga av eit mjukt lys, det gjekk frå kalde til varme fargar på eit lite øyeblikk. Det var fantastisk å høyra bruset frå bølgene, kjenna vinden i ansiktet og bare vera deri det flotte lyset. Håper på fleire sånne magiske stunder!

søndag 16. oktober 2011

O fred og fryd

I dag vakna eg med ein typisk ME-kropp. Høg puls, veldig sliten og heilt uten initiativ eller matlyst. Eg kom meg opp, og fekk etterkvart i meg litt mat. Erfaring har etterkvart lært meg at det verste eg kan gjera er å leggja meg ned for å kvila. Så, i tråd med mitt nye forsett, kledde eg meg og kjørte til stranda. Eg sa til meg sjøl at eg ikkje trengde gå fort eller langt, men at eg skulle vera ute. Og eg var ute i ein time. Eg gjekk ein del, brukte øvingane eg har lært i Skånevik, gjekk litt meir, ny runde med øvingar, gjekk litt... Ja, du tar tegningen. Og det gode er, at då eg kom heim var eg mykje betre! Kroppen slappa meir av, eg fekk kvila, og eg visste at eg hadde gjort eit lurt valg.

Mellom stranda og moloen er der eit stykke med rullesteinar. Det fasinerer meg. Når bølgjene slår inn der, lagar det ein heilt spesiell lyd. Nesten som om torden rullar ute i havet ein stad. Det er merkeleg beroligande å sitja og høyra på den lyden. Sjå på bølgjene som aldri blir slitne, aldri gjer opp, og som faktisk kan flytta stein. Til og med slipa stein. Det er fasinerande.

Eg kom litt på fliren ei stund, der var ein annan ved sjøen som gjorde som meg. Gjekk litt, stod lange periodar og kikka utover sjøen, gjekk litt innimellom. Eg må innrømma at den første tanken som slo meg var at han og sikkert hadde vore i Skånevik... :) Eg er vel litt miljøskadd.

Nå er Åsbjørn og gutane på vei heim, eg har fått streng beskjed om å ta opp Sabeltann viss dei ikkje er heima til det begynner. Eg trur eg lurer meg til å sjå det uansett, kjekt med barnetv som fenger både store og små!

lørdag 15. oktober 2011

Litt nytt fokus

Kan hende blir det framleis sånn at eg av og til har lyst å leggja ut bilder av det eg har laga, men det er ikkje det som vil vera hovedfokus nå. Eg vil prøva halda fram det nye eg har oppdaga.

Du veit den sanninga om at det finnes ikkje dårlig vêr, bare dårlige klede? Det er faktisk sant. Eg er så heldig at eg bur nær sjøen, og nå har eg begynt nytta meg av det. Varmedressen er henta fram, og regnkleda er på vei heim frå Lyngdal. Eg manglar bare eit par støvlar som ikkje er for prega av grishus, så skal eg høyra til å ha klede og sko for alle slags høve. Eg har ikkje testa det ut i all slags vêr ennå, men er optimist.

Eg går ikkje tur for å koma i form, eg går ikkje tur for å få betre kondis. Sjølsagt blir eg glad dersom det skulle visa seg at kroppen stramer seg opp litt, men det er ikkje det som er mitt hovedfokus nå. Eg går tur for å bare vera til stades. I korte glimt aner eg at livet er akkurat her og nå, akkurat på dette innpustet, dette utpustet. Og det er merkelig, når eg reiser ned til sjøen når alt raser inni meg. Jo meir sjøen raser og bølgjene herjer, jo rolegare vert eg inni meg. Det er fantastisk å få stå på ein stad som gjer fritt utsyn over havet, og kjenna at akkurat dette er det eg opplever nå. Når eg snur ryggen til alt på land og bare har fokus på havet, snur eg samtidig ryggen til elt som ellers vil ha fokuset mitt. Når eg ser utover havet, ser på bølgjene som bare rullar i ein evig, konstant bevegelse, då kjenner eg at freden kjem. Eg pustar lettare, eg senker skuldrene, kroppen slapper av.

Og eg forstår at dette er den store hemmeligheten som eg ante i korte glimt då eg var i Skånevik. Det å vera heilt og fullstendig til stades her og nå, i korte glimt, det gjer krefter og det gjer avkobling. Vinden mot ansiktet, lyden av havet, bølgjespruten som legg seg på brillene som ein tynn film, det er det som er verkeleg her og nå. Det er det einaste eg treng ta innover meg, eg kan vera og kvila heilt i det som er akkurat nå.

Det er rart. Så snart eg la vekk alle tankar om å koma i form, om å gå effektivt, om å verta flinkare til å koma meg ut, då kom behovet for å vera ute. I så stor grad at eg nå kler meg etter veret, og bare MÅ ut av og til for å finna ro. Pustar sjølufta heilt ned i magen, og kjenner der er fred i kvar pust.

Den einaste andre plassen eg har opplevd det slik er når eg får oppleva lovsang som drar meg vekk.

onsdag 23. februar 2011

23. februar 2011

Tida går fort.... Det har blitt lite kortlaging på meg ein periode nå, manko på overskudd og tid. I førjulstida har eg hatt kos med å pynte lys, kjekt å ha sjøl og kjekt å gje vekk. Er totalt forelska i Skogstokiga sitt englestempel, det har blitt ein gjenganger hos meg ser eg.

Skal prøva å legga ut litt bilder etterkvart, nå måtte eg bare inn og sjå om eg framleis klarte logga meg inn. :-)

søndag 12. september 2010

Kort til sølvbryllup

Endelig litt tid til kort... Det har vore travle og lange dagar, men litt tid til kort har eg funne innimellom. Dette kortet laga eg ein fridag i sist veke, koste meg masse med det!

På fredag hadde me kortlagingskveld i kyrkja, nesten 20 damer som koste seg, skravla og laga kort i lag. Eg var med og hjalp til, så det var ingen produksjon på egne vegne. Men fekk likevel inspirasjon, så mange kreative damer samla på ein plass var flott!! Håper me får gjenta det snart!!!










onsdag 25. august 2010

Endeleg litt nye kort!!! I det siste har det vore lite tid og krefter til kortlaging... Eg blir skikkelig sur og fortvila når kroppen min ikkje speler på lag, men har vel lært etterkvart at det går over. Og det gode er jo at når eg set meg til med litt kortlaging, så får eg masse energi!

Desse korta har eg kost meg med å laga. Eg ser at eg trives best med konkrete prosjekt, med det meiner eg at eg veit kven eg lagar kortet for. Då er alt liksom mykje enklare syns eg.

Bryllupskortet er til eit bryllup neste helg, der brura har ein litt mørkare hudfarge. Det var spennande å prøva å få det til, vart godt nøgd med resultatet. Mønsterarket er frå Nille, stempelet er Skogstokiga brudepar og banner, har fargelagt med Promarkers.



Det siste kortet er til ei venninne som fyller 40 år på fredag. Eg syns Golden Oldies sine stempel er så fine, flirer med meg sjøl. Og dette spesielt er ein fryd å fargelegga og bruka. Mønsterark frå Nille her og, sommarfugl frå eit samleark som eg kjøpte hos Kreaktiv, og har som vanleg brukt Promarkers for å fargelegga. Brukte litt av den eine lilla Promarkeren på sommarfuglen og, den var i utgangspunktet kvit. Har og brukt ein del glitterlim på dette, Stickles. Håper bare ho liker kortet!!!




lørdag 21. august 2010

Mitt første eksplosjonskort!!!

Endelig ferdig, er vel følelsen akkurat nå!!! Det var veldig kjekt å laga, men det tok laaang tid å pynta! Sikkert delvis fordi eg ikkje hadde ein spesiell person i tankane når eg laga, vanskeleg å pynta då syns eg. Nå har eg valgt å setta igjen enkelte flater som kan ha plass til personlege kommentarar eller evt. bilder. Har stor kosa meg!!!

Har hatt ein fredelig føremiddag på kontoret, utruleg bare kor fort tida går når eg jobber der... :D Når propellen og far i huset kjem heim frå Ikea er det vel på tide å reisa i kyrkja for å vaske, det er vår måned *sukk*. Heldigvis er det ikkje så ofte, og vi er mange til å dela på. I morgon er det Kick off-gudsteneste med grilling etterpå, så nå håper me på opphalsdvèr!

Her er litt bilder av kortet, detaljer etter bildene:














Stempla er frå Skogstokiga (engelen og jenta med blom) og Golden Oldies, det med de små englene har eg fått då det veit eg ikkje kor kjem frå. Mønsterark er for det meste frå Nille, ellers diverse pynt og tekststempel. Motiva er fargelagt med Promarkes, engelen har fått litt glitterpynt.