onsdag 25. august 2010

Endeleg litt nye kort!!! I det siste har det vore lite tid og krefter til kortlaging... Eg blir skikkelig sur og fortvila når kroppen min ikkje speler på lag, men har vel lært etterkvart at det går over. Og det gode er jo at når eg set meg til med litt kortlaging, så får eg masse energi!

Desse korta har eg kost meg med å laga. Eg ser at eg trives best med konkrete prosjekt, med det meiner eg at eg veit kven eg lagar kortet for. Då er alt liksom mykje enklare syns eg.

Bryllupskortet er til eit bryllup neste helg, der brura har ein litt mørkare hudfarge. Det var spennande å prøva å få det til, vart godt nøgd med resultatet. Mønsterarket er frå Nille, stempelet er Skogstokiga brudepar og banner, har fargelagt med Promarkers.



Det siste kortet er til ei venninne som fyller 40 år på fredag. Eg syns Golden Oldies sine stempel er så fine, flirer med meg sjøl. Og dette spesielt er ein fryd å fargelegga og bruka. Mønsterark frå Nille her og, sommarfugl frå eit samleark som eg kjøpte hos Kreaktiv, og har som vanleg brukt Promarkers for å fargelegga. Brukte litt av den eine lilla Promarkeren på sommarfuglen og, den var i utgangspunktet kvit. Har og brukt ein del glitterlim på dette, Stickles. Håper bare ho liker kortet!!!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar