lørdag 31. juli 2010

Regnversdag

I dag har vore ein innedag. Det vil sei bortsett frå den eldste og den yngste, dei var ute ein tur i føremiddag og hjalp morfar og farfar å rake mold og planere rundt grunnmuren til garasjen. Minstemann var tydelig stolt. Eg kommenterte sorpa på buksa og fekk klart svar: "Jamen mor sånn må det bli når eg e ude å jobbe!" Eg kunne ikkje anna enn å sei meg enig i det!

Ellers har eg fått meg litt tid på kontoret, men skal opp igjen nå. Gode venner skal feira sine 40 årsdager på lørdag om ei veke, det er jo ein flott anledning til å laga eit kort! Er i gang med motivet, men er ikkje sikker på korleis det blir heilt ennå. Kanskje eg ikkje kan legga ut bilde av det før eg har gitt det vekk?? Eg skal uansett opp og kose meg med det litt nå. Og så held eg på med ein sånn eksplosjonsboks, koser meg med å finna fine ting å dekorera med!

torsdag 29. juli 2010

onsdag 28. juli 2010

Litt fleire kort... Desse var laga for eit par veker si, før Sørlandsturen. Bryllupskortet er laga med stempel frå Skogstokiga, der kjem snart fleire kort med motiv frå dei. Har kjøpt eit par, kan du sei... *kremt"




















mandag 26. juli 2010

Det er snart august....

...og ennå har ikkje sommaren vore her. Ikkje skikkelig, i alle fall. Så nå i helga var me på Sørlandet, i Lyngdal, og lukta litt på campingvogn. Ei flott vogn er vår viss me vil ha den, så nå skal eg bare lirka litt i an far sjøl. Så håper me på ein lang sommar med masse sol neste år i alle fall!!! Men akkurat nå er det frykteleg lenge til...

I tillegg måtte me til Sabeltann når me først var sørover. Og då hadde minstemann pakka alle tuttane sine i sekken, og me var i skattekista og leverte ALLE! Ikkje ein einaste ein var igjen då me gjekk. Han har nok angra bittert på kveldane, og spør ennå etter tutti kvar dag. Men det går lettare for kvar dag, og det verste er nok over. Det vil sei, han har litt feber i kveld. Skulle han bli veldig sjuk er det mulig at mora går på ein bitteliten smell og klarer å grave fram ein tutt... :-S

Men plutselig så er han så stor... Han har slutta med bleie, er tørr på nettene til og med, og nå er tuttane og vekke. Han prater som ein foss, går på do aleine, og er jo slett ikkje liten lenger. Heldigvis er han ennå glad i kos, og eg kysser og klemmer så masse eg får lov til. Det er ikkje så lenge til dagen kjem då det blir flaut å kysse mor, og då skal eg ha mange klemmar og kyss gøymt i hjarta mitt. Der ligg dei for alltid, ein gullskatt verdt mykje meir enn Sabeltann si tuttekiste!!! Alle dei gode minnene kan eg ta fram og varme meg på når dei vert tenåringar og mor er tilsynelatande det verste i verden. Så kan eg henta fram denne tida og vite at me har band som bind oss saman for alltid. Gode varme minner....

søndag 18. juli 2010

Ein god søndag!

I dag har eg fått ein skikkelig Gislaug-dag! Åsbjørn, verdens snillaste mann, tok med seg gutane ut på tur. Dei var vekke i fleire timar, men tida gjekk fort! Eg hadde fått fleire Skogstokiga stempel, og det bare klødde i fingrane etter å få bruka dei... Så i dag har eg fått trykt 4 av dei, farga dei og kost meg, og til og med laga ferdig eit kort. Eg har hatt bilder, men får ikkje lagt dei ut ennå. Det er stressmestring å lage kort!!!

Og så har eg fått lest masse i ei bok i tillegg, Jodi Picoult, OG hatt cola og sjokolade... :D Eg brukte ikkje tid på å laga brownies, men kjenner at kroppen min nok snart har behov for å få tilført litt av dei unike næringsstoffa som finnes i brownies. Eg er sikker på at kvinner kan utvikla seriøse mangelsjukdommar om me går for lenge utan sjokolade!

Gutane kom tilbake tilfredse og fulle av sand, så det var rett i badekaret. Begge gliste like breitt då dei såg kor masse sand som hadde løsna i løpet av badet. I dag var det ei skikkelig koselig badestund, det er ein gyllent øyeblikk når eg høyrer dei prater og leker i karet. Minstemann strever hardt for å vera like storebroren, og storebror registrerer stolt dette.

Nå har me sett barnetv, gutane har kost seg med kjeks og rosiner, og det nærmar seg leggetid. Etter det er det å nyta stillheten litt før leggetid. I morgon er det jobb igjen, der er lite felles ferietid når me har heile skuleferien å dekka opp. Men tida kjem fort då der er altfor stille i huset og gutane klarer seg utan oss, så me får kosa oss med den tida me har med dei nå. Merkelig det der, av alle dei søte gutane som er fødde i Sør Afrika har me fått dei to aller beste!!! Heilt objektivt, sjølsagt! ;)

torsdag 15. juli 2010

Ein anleis morgon....

I dag tidlig gjekk det plutselig opp for meg at gutane mine veks... Og det skjer fort! Minstemann sprang på do sjøl då han vakna i dag, tørr både natt og dag plutselig, og megastolt over Spiderman trusene sine! Einaste utfordringa nå er korleis i all verden eg skal få buksene til å henga oppe når der ikkje er bleier til å laga litt midje... He he. Eldstemann låg i senga, laga ein til av sine flotte Legokreasjoner. Eg er imponert over kva den guten får til!

Og plutselig kom dei og spurde om dei kunne få gå ned. Aleine. Eldstemann klarer setta på film, og faktisk så sit begge to stille og ser på nå.... Underenes tid er ikkje forbi, det er heilt sikkert! Tenk, etter alle dei slitsomme tidlige morgonane er det plutselig over, ein epoke er forbi. Nå kan me vera blant dei som får sova litt frampå, ungane steller seg snart sjøl. Ein merkelig følelse. Eg skal slett ikkje påstå at eg kjem til å sakna dei morgonane som starta lenge før fuglane hadde vakna, men litt vemodig er det likevel. Me venta i mange år på gutane våre, og nå er det slutt på småbarna. Aldri meir. Vemodig er forresten feil ord, merkelig er bedre. Rart. Eg gler meg likevel til åra som kjem. Det skal bli så spennande å sjå kva som bur i desse to kroppane, som har okkupert hjarta mitt så totalt. Go'ingane mine!

Nå får eg få i meg litt koffein, kanskje slå til med eit bittelite husmorgen og laga muffins? Me skal på besøk til minstemann sin kjærast i dag, så eg må jo legga inn litt aksjer så eg får bli godkjent som svigermor på sikt! :D










I dag har eg vore på jobb. Der er noko så velsigna fredelig med å sitta og registrera inn- og utbetalingar, vite at når alt er gjort skikkelig så vil det gå opp og stemma... Eg trur eg treng sånne pausar. :) Heime er propellen som vanleg full av påfunn. I dag stod han attmed faren og laga middag, skrudde vifta på bånn gass kvar gong han fekk ein anledning. Og plutselig oppdaga me at fettet i steikepanna nesten brant, då hadde minien skrudd på to plater på full guffe. Og med induksjonskomfyr så går det rimelig kjapt... På pluss-sida kom ein stor god klem då eg kom heim, og då eg hadde handla. Og kos i fanget. Nå reiv han akkurat ned DVD spelaren fordi han reiv i ledningen. Kommentaren kom kjapt: "Va det lurt??? Nei!" Storebror ser på og seier lite...

Eg har lagt inn bilder av nokon kort eg har laga. For øyeblikket er eg litt handicappa, for mobilen min er til reparasjon. Det er den eg bruker å ta bilder med, og lasta dei enkelt over på pc. Ting tar tid, lærte me i barnevernet, det trøstar eg meg til nå!

onsdag 14. juli 2010

Litt meir....

Dette er jo ein heilt ny verden, her er der masse å læra... Men det blir vel ein del bilder av kort som blir lagt ut her, og tanker rundt det som skjer i kvardagen min.
Dette blir spennande... Ein blogg som er bare min! Nå skal eg lesa og læra litt, så koma tilbake med meir info etterkvart...