lørdag 15. oktober 2011

Litt nytt fokus

Kan hende blir det framleis sånn at eg av og til har lyst å leggja ut bilder av det eg har laga, men det er ikkje det som vil vera hovedfokus nå. Eg vil prøva halda fram det nye eg har oppdaga.

Du veit den sanninga om at det finnes ikkje dårlig vêr, bare dårlige klede? Det er faktisk sant. Eg er så heldig at eg bur nær sjøen, og nå har eg begynt nytta meg av det. Varmedressen er henta fram, og regnkleda er på vei heim frå Lyngdal. Eg manglar bare eit par støvlar som ikkje er for prega av grishus, så skal eg høyra til å ha klede og sko for alle slags høve. Eg har ikkje testa det ut i all slags vêr ennå, men er optimist.

Eg går ikkje tur for å koma i form, eg går ikkje tur for å få betre kondis. Sjølsagt blir eg glad dersom det skulle visa seg at kroppen stramer seg opp litt, men det er ikkje det som er mitt hovedfokus nå. Eg går tur for å bare vera til stades. I korte glimt aner eg at livet er akkurat her og nå, akkurat på dette innpustet, dette utpustet. Og det er merkelig, når eg reiser ned til sjøen når alt raser inni meg. Jo meir sjøen raser og bølgjene herjer, jo rolegare vert eg inni meg. Det er fantastisk å få stå på ein stad som gjer fritt utsyn over havet, og kjenna at akkurat dette er det eg opplever nå. Når eg snur ryggen til alt på land og bare har fokus på havet, snur eg samtidig ryggen til elt som ellers vil ha fokuset mitt. Når eg ser utover havet, ser på bølgjene som bare rullar i ein evig, konstant bevegelse, då kjenner eg at freden kjem. Eg pustar lettare, eg senker skuldrene, kroppen slapper av.

Og eg forstår at dette er den store hemmeligheten som eg ante i korte glimt då eg var i Skånevik. Det å vera heilt og fullstendig til stades her og nå, i korte glimt, det gjer krefter og det gjer avkobling. Vinden mot ansiktet, lyden av havet, bølgjespruten som legg seg på brillene som ein tynn film, det er det som er verkeleg her og nå. Det er det einaste eg treng ta innover meg, eg kan vera og kvila heilt i det som er akkurat nå.

Det er rart. Så snart eg la vekk alle tankar om å koma i form, om å gå effektivt, om å verta flinkare til å koma meg ut, då kom behovet for å vera ute. I så stor grad at eg nå kler meg etter veret, og bare MÅ ut av og til for å finna ro. Pustar sjølufta heilt ned i magen, og kjenner der er fred i kvar pust.

Den einaste andre plassen eg har opplevd det slik er når eg får oppleva lovsang som drar meg vekk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar