søndag 16. oktober 2011

O fred og fryd

I dag vakna eg med ein typisk ME-kropp. Høg puls, veldig sliten og heilt uten initiativ eller matlyst. Eg kom meg opp, og fekk etterkvart i meg litt mat. Erfaring har etterkvart lært meg at det verste eg kan gjera er å leggja meg ned for å kvila. Så, i tråd med mitt nye forsett, kledde eg meg og kjørte til stranda. Eg sa til meg sjøl at eg ikkje trengde gå fort eller langt, men at eg skulle vera ute. Og eg var ute i ein time. Eg gjekk ein del, brukte øvingane eg har lært i Skånevik, gjekk litt meir, ny runde med øvingar, gjekk litt... Ja, du tar tegningen. Og det gode er, at då eg kom heim var eg mykje betre! Kroppen slappa meir av, eg fekk kvila, og eg visste at eg hadde gjort eit lurt valg.

Mellom stranda og moloen er der eit stykke med rullesteinar. Det fasinerer meg. Når bølgjene slår inn der, lagar det ein heilt spesiell lyd. Nesten som om torden rullar ute i havet ein stad. Det er merkeleg beroligande å sitja og høyra på den lyden. Sjå på bølgjene som aldri blir slitne, aldri gjer opp, og som faktisk kan flytta stein. Til og med slipa stein. Det er fasinerande.

Eg kom litt på fliren ei stund, der var ein annan ved sjøen som gjorde som meg. Gjekk litt, stod lange periodar og kikka utover sjøen, gjekk litt innimellom. Eg må innrømma at den første tanken som slo meg var at han og sikkert hadde vore i Skånevik... :) Eg er vel litt miljøskadd.

Nå er Åsbjørn og gutane på vei heim, eg har fått streng beskjed om å ta opp Sabeltann viss dei ikkje er heima til det begynner. Eg trur eg lurer meg til å sjå det uansett, kjekt med barnetv som fenger både store og små!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar