søndag 23. oktober 2011

Luft i håve!

I går kom eg heim etter to dagars budsjett seminar med det nye kommunestyret. Vi var i Kvinesdal, og der var yr og skodd heile tida. Eller rettare sagt, det var det beste veret... Me sat stille og diskuterte økonomi det meste av tida.

Så då vi kom heim kjende eg at det ville vera godt å koma seg ut. Eg kunne ikkje ta sjansen på å setja meg ned, så eg var bare såvidt heimom og kledde meg om før eg reiste til sjøen. I går var det ein sånn dag då eg følte eg kunne gå og gå og gå, og aldri ville bli sliten. Ein fantastisk følelse!! Det er nydelig å kjenna når kroppen fungerer, at eg ikkje blir sliten av å vera i gang, og at eg faktisk KAN tåle å gå ein god tur! Eg hadde ikkje lyst å gå heim, men samtidig så var eg redd for plutselig å bli sliten. Eg merker at eg ikkje våger å stola på overskuddet mitt når det er der, men eg prøver å øva meg i å tenka at eg skal stola på at eg klarer noko akkurat nå! Det er greit å ha eit sikkerhetsnett, men eg skal ikkje bruka det viss eg ikkje må.

Så merker eg meg at der er forskjell på dagane. Enkelte gonger er eg heilt utslitt etter ein rusletur på 20 minutt, andre gonger (som i går) føles det som om eg kan vera ute i timesvis. Men det er heilt greit. Eg skal ikkje gje meg om der kjem tunge dagar, eg skal vera raus med meg sjøl og ta ein dag om gongen. Akkurat som eg lærte i Skånevik.

Og i går var der nydeleg ved sjøen. Sola kom fram frå skyene i det det nærma seg solnedgang. Både stranda og sjøen vart liksom farga av eit mjukt lys, det gjekk frå kalde til varme fargar på eit lite øyeblikk. Det var fantastisk å høyra bruset frå bølgene, kjenna vinden i ansiktet og bare vera deri det flotte lyset. Håper på fleire sånne magiske stunder!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar