mandag 26. juli 2010

Det er snart august....

...og ennå har ikkje sommaren vore her. Ikkje skikkelig, i alle fall. Så nå i helga var me på Sørlandet, i Lyngdal, og lukta litt på campingvogn. Ei flott vogn er vår viss me vil ha den, så nå skal eg bare lirka litt i an far sjøl. Så håper me på ein lang sommar med masse sol neste år i alle fall!!! Men akkurat nå er det frykteleg lenge til...

I tillegg måtte me til Sabeltann når me først var sørover. Og då hadde minstemann pakka alle tuttane sine i sekken, og me var i skattekista og leverte ALLE! Ikkje ein einaste ein var igjen då me gjekk. Han har nok angra bittert på kveldane, og spør ennå etter tutti kvar dag. Men det går lettare for kvar dag, og det verste er nok over. Det vil sei, han har litt feber i kveld. Skulle han bli veldig sjuk er det mulig at mora går på ein bitteliten smell og klarer å grave fram ein tutt... :-S

Men plutselig så er han så stor... Han har slutta med bleie, er tørr på nettene til og med, og nå er tuttane og vekke. Han prater som ein foss, går på do aleine, og er jo slett ikkje liten lenger. Heldigvis er han ennå glad i kos, og eg kysser og klemmer så masse eg får lov til. Det er ikkje så lenge til dagen kjem då det blir flaut å kysse mor, og då skal eg ha mange klemmar og kyss gøymt i hjarta mitt. Der ligg dei for alltid, ein gullskatt verdt mykje meir enn Sabeltann si tuttekiste!!! Alle dei gode minnene kan eg ta fram og varme meg på når dei vert tenåringar og mor er tilsynelatande det verste i verden. Så kan eg henta fram denne tida og vite at me har band som bind oss saman for alltid. Gode varme minner....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar