torsdag 15. juli 2010

Ein anleis morgon....

I dag tidlig gjekk det plutselig opp for meg at gutane mine veks... Og det skjer fort! Minstemann sprang på do sjøl då han vakna i dag, tørr både natt og dag plutselig, og megastolt over Spiderman trusene sine! Einaste utfordringa nå er korleis i all verden eg skal få buksene til å henga oppe når der ikkje er bleier til å laga litt midje... He he. Eldstemann låg i senga, laga ein til av sine flotte Legokreasjoner. Eg er imponert over kva den guten får til!

Og plutselig kom dei og spurde om dei kunne få gå ned. Aleine. Eldstemann klarer setta på film, og faktisk så sit begge to stille og ser på nå.... Underenes tid er ikkje forbi, det er heilt sikkert! Tenk, etter alle dei slitsomme tidlige morgonane er det plutselig over, ein epoke er forbi. Nå kan me vera blant dei som får sova litt frampå, ungane steller seg snart sjøl. Ein merkelig følelse. Eg skal slett ikkje påstå at eg kjem til å sakna dei morgonane som starta lenge før fuglane hadde vakna, men litt vemodig er det likevel. Me venta i mange år på gutane våre, og nå er det slutt på småbarna. Aldri meir. Vemodig er forresten feil ord, merkelig er bedre. Rart. Eg gler meg likevel til åra som kjem. Det skal bli så spennande å sjå kva som bur i desse to kroppane, som har okkupert hjarta mitt så totalt. Go'ingane mine!

Nå får eg få i meg litt koffein, kanskje slå til med eit bittelite husmorgen og laga muffins? Me skal på besøk til minstemann sin kjærast i dag, så eg må jo legga inn litt aksjer så eg får bli godkjent som svigermor på sikt! :D

1 kommentar:

  1. Ja - det er slutt på småbarna - men jeg kan tenke meg at det er godt å se på at de vokser til å bli store og flotte gutter?

    Du har mange flotte år i vente foran deg, første kjæreste til guttene er en av dem;)

    Nyt dagene du har med "stor"guttene dine:)

    Gøy at du har laget blogg - følger deg framover:)

    Hilsen camilla alette - fra saforumet:)

    SvarSlett